Få maksimalt ut av tida dykkar i Sogn
Her har me kuratert eit knippe opplevingar, turar, bollar og anna snadder som kan hjelpe dykk å få mest mogleg ut av tida i vakre, vene Sogn.
Utforsk Sogn i all sin venleik
Sjekk ut vårt handplukka galleri som har klart å fange litt av alt det vakre Sogn har å by på.
















Litt av det Sogn har å bjuda på
Under har me lagt inn nokre av dei beste tipsa me har for kva de kan bruke tida dykkar i Sogn på.

Sykkel rundt Lustrafjorden
Sykkelturen rundt Lustrafjorden er ein personleg favoritt, her finner ein alt frå flotte fossar, stavkyrkja som inspirerte VM-drakta, til Feigesagi, Fjordstova og Lustrabui. Anne Kjersti kan og skrive under på at det er «flatt» rundt heile fjorden.

Veitastrond
Dei sprekaste kan sette seg på sykkelen og sykle Hafslo – Veitastrond eller til Tungestølen, men ein kan og køyre, handle på Veitastrond Gardsysteri, eller sjå «the finest ice scenery in Europe, som Slingsby kalla det i si tid.

Fuglesteg
Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ei oppleving av dei sjeldne. Er du ekstra heldig kan du kjøpe deg ei hellekake av ein gamal lagkamerat av Hallvard.

Prest i Aurland
Stegastein er eit fint stopp på vegen mellom Mari sin favoritt, Marianne Bakeri, og den nydelege turen på Prest, om ein kjem sør- eller austanfrå og køyrer forbi Aurland. Spesielt interesserte kan óg få seg nokre få meter på ski på Blåskavlen

Fanaråkhytta
Her såg me verdas vakraste solned- og oppgang i september 2017. Det var ein nydeleg tur, sjølv om me måtte sove på golvet. Aldri smakt så nydelege joikakaker som den kvelden. I seinere tid ser det óg ut til at dei har blitt gode på kringle.

Ski i Jostedalen
Jostedalen kan by på så mangt. I juni er det høgsesong for ski på Vangsen. Stopp gjerne innom breheimsenteret for ein kaffikopp, eller Joker Jostedal, eller Spar Gaupne for ei bolle eller to.

Molden
Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Utsikt til fjorden i alle retningar.

Molden
Med mindre du var med oss og Åse og Thomas på tur her i juli 2020

Kajakkutleige i Marifjøra
Her var me på date den 7. september 2016, Hallvard diska opp med nokre i overkant dryge burgarar.

Klatring på Kvam
Er du interessert i å teste det største klatrefeltet i Noreg? Høyr med Andreas eller Simen, eventuelt kan du ta ein prat med naboen vår, han har skrive klatreføraren for Sogn.

Nuken
På Morten sin første tur hit var han kun tre og ei halv veke gamal. Parkerer du på Åsen er ikkje turen lenger enn at ein sprek fireåring (Tobias) klarer den lett.

Anestølen i Sogndalsdalen
Ein favoritt for heile familien. Gutane er glade i geitene og fjelli. Visste du forresten at det var her oppe Margrethe Munthe var då ho fekk inspirasjonen til «Å jeg vet en seter»?
